Bli lærebedrift

For å bli lærebedrift og kunne inngå lærekontrakt med ein lærling for første gong, må verksemda godkjennast av fylkeskommunen.

Korleis bli lærebedrift

For å bli godkjent som lærebedrift føreset det at bedrifta kan gi opplæring i kompetansemåla i læreplanen for faget. Bedrifta må utvikle ein intern plan for opplæringa. Bedrifta må også ha ein fagleg leiar som har hovudansvar for å sikre at lærlingen får opplæringa han har krav på. Dersom ei bedrift ikkje har moglegheit til å gje opplæring i alle kompetansemåla i læreplanen, kan bedrifta samarbeide med eit opplæringskontor eller med andre bedrifter i ein opplæringsring.

Ta kontakt med fagopplæringskontoret i fylkeskommunen for å søkje om godkjenning.

Kontrakt

Når verksemda er godkjend som lærebedrift, set bedrifta i gang ein rekrutteringsprosess. Bedrifta og lærlingen teiknar ei lærekontrakt og arbeidsavtale. Lærekontrakten må godkjennast av fylkeskommunen. Bedrifta har løn- og arbeidsgivaransvaret.

Kvifor bli lærebedrift?

Tilskot

Lærebedrifter mottar eit tilskot til opplæring for kvar lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb. 

Lærlingmerke

For å gje lærebedriftene ei moglegheit til å synleggjere at dei tar samfunnsansvar gjennom å gi ungdommar og vakse moglegheit til å fullføre ei fagutdanning, har vi etablert ei merkeordning for godkjende lærebedrifter som har minst ein lærling.

Godkjende lærebedrifter med minst ei aktiv lærekontrakt kan bestille lærlingmerket via et bestillingsskjema.

Utdanningsdirektoratet oppmodar forbrukarar til å velje godkjende lærebedrifter med lærlingar. Ved å nytte dette merket er det enklare for forbrukarar å finne fram til slike bedrifter.

I Nasjonalt register for lærebedrifter kan de søkje opp aktive lærebedrifter.

Lærlingar

Gjennom ordninga yrkesfagleg fordjuping kan bedrifter få kjennskap til potensielle framtidige lærlingar.

På våre sider om korleis følje opp lærling i bedrift får de tips og råd om korleis de kan planleggje og gjennomføre opplæringa.